Opent for søknad om rovvilterstatning
Når freda rovvilt er årsak til tap av husdyr, har dyreeigaren ein lovfesta rett til full erstatning. No kan du sende inn søknad om rovviltskadeerstatning. Elektronisk søknadssenter er opna, og fristen er 1. november.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Søknaden skal sendast inn elektronisk via Miljødirektoratet sitt søknadssenter. Vi ber søkarar særleg merke seg at det ikkje lenger er utveksling av data med Sauekontrollen. Dette inneberer at alle som søker må legge ved individlister til søknaden. Individlistene skal minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom søye og lam, dødsårsaker og helse-/sjukdomsinformasjon.
Dersom du ikkje har tilgong til eiga datamaskin, eller har vanskar med å levere søknaden elektronisk, kan du kontakte kommunen du bur i i god tid før søknadsfristen 1. november. Fylkesmannen kan gje nærare rettleiing om krav til innhald i søknaden.
Forskrift om rovvilterstatning for husdyr kan du lese på Lovdata.
Kontaktpersoner
-
Ulf Lucasen
Tlf: 71 25 84 24 / 48 02 20 90