Sjøauren treng hjelp
Det står ikkje bra til med sjøaurebestandane i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil no samarbeide med lag og foreiningar om ei omfattande kartlegging av leveområda til sjøauren.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ein rapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning frå 2019 viser at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane (no Vestland) er dei fylka med dårlegast tilstand for sjøaurebestanden. Berre 1 av 60 bestandar i Møre og Romsdal vart vurdert å ha god tilstand. (sjå utdrag frå temarapport).
-Vi må ha større fokus på å ta vare på sjøaurebestandane våre. Tilstanden krev at vi skaffar oss betre kunnskap om leveområda og påverknader, slik at vi kan sette inn nødvendige tiltak for å betre tilhøva for sjøauren i vassdraga våre. Sjøauren er ein prioritert art som også er viktig for turisme, rekreasjon og fritid, seier rådgivar Arne Håkon Sandnes i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Sjøauren brukar sidebekkar og små vassdrag i større grad enn laksen. Over 200 vassdrag i fylket er registrert med sjøaurebestand. Men talet på potensielle sjøaurebekkar er betydeleg redusert. Bekkelukking, kanalisering, fjerning av kulpar og kantvegetasjon, menneskeskapte vandringshinder er noko av det som skapar problem for sjøauren.
-Sjøauren har vore i tilbakegang i fylket i ein lengre periode. Vi ser tendens til betring i nokre vassdrag dei siste åra, men vi ønskjer no få detaljert kunnskap om korleis det står til i alle sjøaurebekkane i fylket, seier fiskeforvaltar Geir Moen, frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Storstilt kartleggingsdugnad
Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer, i samarbeid med NJFF Møre og Romsdal, elveeigarlag og foreiningar til å delta i ein stor dugnad for å kartfeste leveområda til sjøauren i vassdraga.
-I eit slikt prosjekt er lokal kunnskap avgjerande for å lykkast. Det er mange som sit med historisk informasjon om sjøaurebekkane, vandringsstrekka og korleis elveløpet såg ut før, seier Åse Fredly i NJFF Møre og Romsdal.
Feltarbeid og registrering
I feltarbeidet skal ein registrere tilstanden for sjøauren i vassdraget. Gyteforhold og oppveksttilhøve, hindringar som gjer det vanskeleg for auren å vandre oppover i vassdraget, manglande kantvegetasjon og andre påverknader skal kartfestast. Kartlegginga og registreringane vil brukast til å planlegge og gjennomføre andre tiltak for å betre tilhøva for sjøauren.
Det er vidareutvikla eit kartleggingsverktøy som skal brukast til registreringa. Verktøyet kan brukast både på mobil, nettbrett og PC. Resultata blir lagt ut i ein opne kartdatabase på GisLink som kan brukast i forvaltning av sjøaurebekkar og kommunal arealplanlegging.
Medverkande i prosjektet
Prosjektleiar: Håkon Slutaas, Møre og Romsdal fylkeskommune
Prosjektdeltakarar:
- Pernille Eriksdatter Giske, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Arne Håkon Sandnes. Møre og Romsdal fylkeskommune
- Even Tranmæl, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Geir Moen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Åsa Fredly, Norsk jeger og fiskeforening Møre og Romsdal
For meir informasjon, sjå www.mrfylke.no/sjoaure