Samfunnstryggleik i dispensasjonssaker
Dispensasjon inneber at ein tiltakshavar etter søknad får unntak frå plan og føresegner. Dispensasjonen inneber at tiltaket, til trass for at det er i strid med plan- og bygningslova, likevel er lovleg så langt dispensasjonen rekk.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vurdering av samfunnstryggleik
Ved dispensasjon frå lov og forskrift til lova skal det leggast særleg vekt på dispensasjonen sine konsekvensar for helse, miljø, tryggleik og tilgjenge (pbl, § 19-2, 3. ledd).
§ 28-1 i plan- og bygningslova seier at ein berre kan bygge, opprette eller endre på grunn dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Det må derfor i dispensasjonssakar gjennomførast ei generell risiko- og sårbarheitsvurdering for å avklare om tiltaket kan medføre tryggleiks- eller beredskapsmessige konsekvensar. Dersom det ikkje kan dokumenterast at området er tilstrekkeleg trygt, kan Statsforvaltaren vurdere å klage på eit eventuelt positivt vedtak.
Uttalerett
Statsforvaltaren har klagerett, og skal ha alle saker som gjeld dispensasjonar:
- i landbruks-, natur- og friluftsområde
- langs vassdrag
- i 100-metersbeltet langs sjøen
- i grøntstrukturen i byggjeområde
- i støyutsette område
- i eller nær ureina grunn
- i område med naturverninteresser og/eller naturmangfald
og i saker som gjeld:
- etablering/utviding av forretningsverksemd utanfor sentrum definert i kommuneplan
- omsyn til landskap og estetikk
- område regulert til landbruk
- barn og unge sine interesser i arealplanlegginga
- beredskapsmessige omsyn
Det bør ikkje dispenserast når statlege eller regionale styresmakter har uttalt seg negativt.
Kontaktpersoner
-
Renate Frøyen
Tlf: 71 25 84 15 / 47 60 59 47