Sjekkliste for samfunnstryggleik
Statsforvaltaren har utarbeidd ei sjekkliste som gjev ein standardisert og forenkla framgangsmåte for ROS-undersøkingar. Denne er oppdatert i juni 2023. Sjekklista kan tene som utgangspunkt for ROS-analysar i mindre/enkle arealplansakar, men planleggar/planmynde må i kvart tilfelle vurdere om bruk av sjekklista er føremålstenleg.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sjekklista kan tene som utgangspunkt for å vurdere risiko og sårbarheit i arealplansaker. Tiltakshavar må gjere sjølvstendige vurderingar for å kvittere ut spørsmåla i sjekklista. Dersom de er usikre på om det føreligg risiko, skal det hentast inn fagkyndig vurdering. Alle står fritt til å tilpasse sjekklista til eige behov.
Vurdere konsekvensar av klimaendringar
Klimaendringane vil påverke framtidig risiko og sårbarheit, og ROS-analysen må difor vurdere konsekvensar av klimaendringar. Oppdatert sjekkliste omfattar sjekkpunkt relevant for klimatilpassing. Klimatilpassingsdelen i «Statlege planretningsliner for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing» ligg til grunn for val av desse sjekkpunkta.
Dokumentasjon av risiko og sårbarheit
I saker der risiko eller sårbarheit ikkje vert avdekt, kan utfylt sjekkliste og kommentarar gå inn i saka som dokumentasjon av risiko og sårbarheit. Dersom risiko eller sårbarheit vert avdekt, skal dette visast i sjekklista, saman med utfyllande ROS-vurdering av dei avdekte forholda.
Sjekklista kan under same føresetnad brukast i dispensasjons- og byggesaker.
Sjekklista er ikkje fullstendig utfylt før den er datert og signert av den som går gjennom sjekklista.
Kontaktpersoner
-
Renate Frøyen
Tlf: 71 25 84 15 / 47 60 59 47