Samfunnstryggleik i ei uviss tid var tema på fagdag for kommunale beredskapsmedarbeidarar i fylket

Deltakarane sit i møterommet, med ryggen til fotografen og ser mot ein powerpoint-presentasjon
Fagdag. Kommunale beredskapsmedarbeidarar, regionale beredskapsaktørar som fylkeskommunen, helseføretaket, Politiet, Sivilforsvaret og Heimevernet var invitert til samlinga. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Renate Frøyen.

Onsdag 31. mai og torsdag 1. juni arrangerte Statsforvaltaren fagdag for kommunale beredskapsmedarbeidarar i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.06.2023

Fagdagane skal legge til rette for kunnskapsauke, faglege diskusjonar og nettverksbygging. Samlinga var lagt til Åndalsnes i Rauma kommune

– Alle beredskapsmedarbeidarane i kommunane var invitert. Invitasjonen gjekk i tillegg til regionale beredskapsaktørar som fylkeskommunen, helseføretaket, Politiet, Sivilforsvaret og Heimevernet, fortel seniorrådgivar Renate Frøyen.

Krigen i Ukraina prega dagane

Dagane var prega av krigen i Ukraina og konsekvensane for Noreg og Møre og Romsdal. Heimevernet, PST og Politiet haldt innlegg om trusselsituasjonen og den tryggingspolitiske situasjonen. Sivilforsvaret fortalde om korleis dei har jobba med tilfluktsrom det siste året, og om opplæring og øving av mannskap i å drifte tilfluktsrom.

Risiko- og sårbarheitsanalyse

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) heldt eit innlegg om heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse.

– Mange kommunar har planar om å oppdatere eller revidere sin heilskaplege ROS-analyse i løpet av dette året og neste. Det var derfor nyttig at DSB informerte om oppdatert rettleiar, og innlegget hadde eit spesielt fokus på klimatrusselen og krise/krig inn i analysen, fortel Frøyen.

Både helseføretaket og fylkeskommunen hadde innlegg om tema som er relevante for beredskapsarbeidet til kommunane. Helseføretaket fortalte om sitt arbeid med ROS-analyse i Helse Midt-Noreg, og evakueringsplanar for sjukehus. Fylkeskommunen fortalte om arbeidet med transportberedskapen i fylket. Dei har mellom anna ansvar for å organisere den regionale transportberedskapen, og skal legge til rette for at det eksisterer ein transportberedskap ved ekstraordinære hendingar i fred, krise og krig.

Hat, hets og ytringsfridom

– I 2023 er det kommune- og fylkesval, og demokratiet er avhengig at politikarar stiller til val og tør stå fram med sine politiske meiningar. Med utgangspunkt i dette hadde Arne Sæter frå Politiet  eit innlegg om hemnbasert vald, lovleg hat og hets, og korleis det trugar våre grunnleggjande verdiar, fortel Frøyen.

Innlegget fokuserte på vern av demokratiet, og kva som kan gjerast lokalt.

Nye scenario i FylkesROS

– Statsforvaltaren heldt innlegg om handlingsplanen der vi følgjer opp tiltak i risiko- sårbarheitsanalyse for Møre og Romsdal (FylkesROS), og om nye scenario vi jobbar med i år. I løpet av året skal vi få på plass tre nye scenario i FylkesROS, der to er knytt til atomhendingar og eitt omhandlar ny pandemi i nær framtid, seier Frøyen.  

Informerte om Nasjonalt beredskapssystem

Statsforvaltaren  informerte  også kommunane om Sivilt beredskapssystem som saman med Beredskapssystem for Forsvaret utgjer Nasjonalt beredskapssystem. Systemet inneheld ein rekke tiltak knytt til kriser i fred, tryggingspolitiske kriser eller væpna konflikt eller trugslar om slike.

– Det er viktig at kommunane har kjennskap til at dette systemet eksisterer, og kva dei eventuelt kan forvente om slike tiltak setjast i verk der kommunen har eit ansvar, seier Frøyen.

Falske nyhende i kriser

Mot slutten av samlinga hadde Statsforvaltaren også eit innlegg om «fake news» og korleis samfunnet kan bli meir  motstandsdyktig mot desinformasjon, misvisande informasjon og falske nyhende i kriser.

Delar kunnskap og erfaring

– Statsforvaltaren har stor nytte av desse fagsamlingane. Vi er ikkje mange som arbeider med beredskap i fylket, noko som gjer det viktig at vi treffast jamleg og delar kunnskap og erfaring på tvers. Takk til alle som deltok på samlinga, særleg til  de som heldt innlegg og medverka til kunnskapsauke og gode faglege diskusjonar, seier Renate Frøyen.

Kontaktpersoner