Tilskot til å inkludere barn og unge

Søknadsfrist:
3. november 2023
Målgruppe:
Barn og unge som står i fare for å hamne utanfor
Ansvarlig:
Bufdir
Hvem kan søke:
Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar
Rapporteringsfrist:
1. mars 2025

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot til aktivitetar retta mot barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor.

Publisert 18.10.2023

Tilskudd til inkludering av barn og unge | Bufdir

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og til å delta i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, til å delta på ferie- og fritidsaktivitetar og til å fullføre utdanningsløp.

Med samfunnsdeltaking meinar vi tilknyting til fritidsaktivitetar, kulturliv, utdanning, organisasjonsliv og arbeidsliv, samt demokratisk deltaking.

Målgruppa er barn og unge til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor. For aktivitetstypane "los/ungdomslos" og "opne møteplassar" er målgruppa barn og unge mellom 10 og 24 år.

Det å stå utanfor handlar om å ikkje vere med i ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet.  Risikofaktorer for å hamne utanfor kan vere:    

  • å vokse opp i familiar med låginntekt 
  • manglande sosialt nettverk 
  • manglande tilknyting til skole/arbeid  
  • manglande deltaking i fritidsaktivitetar 

Risikofaktorar kan vere overlappande eller forsterke kvarandre.

På nettsida Tilskudd til inkludering av barn og unge | Bufdir kan du lese meir om tilskotet, om krav, kriteriar og rapportreglar.
Du finn også mogleheit til å velge aktivitetstype og til å søke på same nettside. 

Søknadsfrist:
3. november 2023
Målgruppe:
Barn og unge som står i fare for å hamne utanfor
Ansvarlig:
Bufdir
Hvem kan søke:
Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar
Rapporteringsfrist:
1. mars 2025