Legalfullmakt
Nærståande har etter reglane i vergemålslova § 94 rett til å representere et familiemedlem som på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred, ikkje lengre er i stand til å ivareta sine økonomiske interesser.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ein reknar med at det i Noreg i dag er over 100.000 menneske med demens, og og talet øker. Vi kan alle på eit tidspunkt i livet komme i ein situasjon der vi ikkje lenger er i stand til å ivareta eigne interesser fullt ut. Sjukdom eller anna kan føre til at vi får problem med å styre økonomien vår og/eller å ta viktige avgjersler i meir personlege forhold. Problema kan være forbigåande, eller dei kan vare livet ut.
Skulle dette ramme deg, vil Statsforvaltaren kunne oppnevne ein verje som kan hjelpe deg. Verjemålslova har reglar om dette. Men lova har også praktiske og gode alternativ til eit offentleg oppretta verjemål. Ved å kjenne til desse alternativa, er det muleg for deg å rå over eige liv og framtidige disposisjonar.
Legalfullmakt
Nære pårørende vil kunne representere deg i ein situasjon som vist til ovanfor, utan at verjemålsmynde (Statsforvaltaren) formelt må oppnevne vedkomande som verje. Dette vert kalla «legalfullmakt» - og dine næraste får då ein formell kompetanse til å utføre daglegdagse økonomiske disposisjonar som gjeld bustad og underhald, betale skattar, avgifter og plikter som fyl av gyldige låneavtalar du har inngått, og å sei opp betalingsoppdrag som ikkje lenger er aktuelle mm. Nære pårørende er i denne sammanhengen ektefelle eller sambuar, barn, barnebarn og foreldre. Eit barn kan godt representere mor eller far sin sjølv om ektefellen til denne er i live, men da må ektefellen ha sagt frå seg sin rett skriftleg.
Dersom du og dei pårørende ønskjer det, og er einige om det, kan fleire pårørande representere deg samstundes. I kraft av legalfullmakta kan pårørande ikkje gjere større økonomiske disposisjonar som til dømes kjøp og sal av fast eigedom eller investeringar. I den grad det er behov for slike disposisjonar, må den som skal gjere dette formelt oppnevnast som verje, eller det må foreligge ei gyldig framtidsfullmakt.
Kontaktpersoner
-
Synnøve Karlsen
Tlf: 71 25 85 34 -
Therese Småland
Tlf: 71 25 84 94 / 40 88 84 01