Verjekurs for faste verjer
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennom verjemålslova ansvar for opplæring, rettleiing og bistand av verjer i sitt området.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 16.11.2021
I samband med dette har det i november blitt gjennomført verjekurs for dei faste verjene i fylket.
Det var kjekt å kunne treffast igjen og snakke om viktige tema saman.
Det vart særleg fokusert på verjerolla. Dette er eit tema det er viktig å kjenne godt til, for å gjere ein best mogeleg jobb for den ein skal representere.
Me vonar å få gjennomført faste årlege verjekurs framover.