Nye kommunar kan få stønad til å ta vare på natur
20 kommunar fekk i 2022 tilsegn om stønad av Miljødirektoratet til kommunedelplanar for naturmangfald. No melde Miljødirektoratet at det er opent for å søkje om stønad for 2023.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
– Problemstillingane som blir diskutert på naturtoppmøtet i Montreal, visar at det er viktigare enn nokon gong å bevare viktige naturområda, og her spele kommunane ein nøkkelrolle gjennom arealforvaltninga. Det er difor viktig at kommunane ser verdien av å utvikle eige kommunedelplanar for å kartleggje og ivareta naturmangfaldet, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Målet med tilskotsordninga er å styrkje naturforvaltinga i kommunane, og medverke til større bevisstheit rundt eige naturverdiar. Kommunedelplanar for naturmangfald gjer det meir føreseieleg for forvaltinga, grunneigarar og utbyggjarar, og er samstundes eit godt reiskap for å synleggjera naturmangfaldet som ressurs.
Meir kunnskap
Tilskotsordninga til kommunedelplan for naturmangfald er for kommunar som ynskjer meir kunnskap om det lokale naturmangfaldet. Det er Miljødirektoratet som forvaltar tilskotsordninga. Frå pilotprosjektet starta i 2016 har no nærom 70 kommunar fått stønad til eit slik planarbeid. Og over nyttår kan fleire kommunar søkje om tilskot. Søknadsfrist vil væra 1. februar.
Søk via elektronisk søknadssenter
Besøk Miljødirektoratets rettleiar om kommunedelplanar for naturmangfald
Kvar enkelt kommune står fritt til å avgjere kva som er gode tiltak ut frå dei lokale føresetnadane som finnast i kommunen. Av erfaring dreier dei viktigaste oppfølgande tiltaka seg om arealplanlegging, videre kartlegging, skjøtsel, restaurering, og informasjon om lokalt naturmangfald.
– Vi står no i ein klima- og naturkrise, og her kan kommunane bidra til å gjere ein enorm forskjell ved å forbalte sine areal klokt. For å få til dette er det også avgjerande at kommunane veit kor dei viktigaste naturverdiane er, seier Hambro.
Erfaringar frå kommunar som har mottatt tilskott
Kommunane som var med på pilotprosjektet om slike kommunedelplanar i 2016, var fornøgde med dei hadde fått meir tilgjengeleg og systematisert kunnskap om naturmangfaldet i sin kommune, viser evalueringa av prosjektet.
Tilsette i kommunen og kommunepolitikarane fekk økt kompetanse om naturmangfald, utfordringar og aktuelle tiltak som kan gjerast. Mange av innbyggjarane i dei aktuelle kommunane fekk også betre kjennskap til naturverdiar i nærmiljøet i løpet av planprosessen, og mange fekk øyane opp for det rike naturmangfaldet som til dømes finnes i byane.
Kommunane som har mottatt tilskotsordninga seier at dei kan bruke kommunedelplanen i sitt videre arbeid med å ivareta naturverdiar, og at planen har gjort det enklare å prioritere innsatsen, og å jobbe målretta for å ta vare på verdifull natur.