Kronprins Haakon til Time vidaregåande skole

Onsdag 29. mai kjem H.K.H. Kronprins Haakon til Time vidaregåande skole på Bryne for å vere med på Dignity Day.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.05.2013

Dignity Day er eit to-timars kurs i verdighet som skal bevisstgjere ungdom på kva verdighet er og korleis verdighet gjeld oss alle i kvardagen. I tillegg til to samlingar i plenum, skal elevane ha samtalar i klasseromma. Kronprinsen vil leie samtalane i ei av klassene.

Kronprins Haakon er ein av initiativtakarane til Global Dignity. Dei siste åra har det blitt gjennomført såkalte Dignity Days i over 50 land verda over.

Etter besøket på Time vidaregåande skole deltek Kronprinsen på delar av Dilemmakonferansen som Rogaland idrettskrets, Global Dignity og Rogaland fylkeskommune arrangerer på Radisson Blu Atlantic Hotel. 

Les meir i presseprogrammet.

Vi ber om at pressa melder seg på førehand til Arild Michelsen, epost: fmroami@fylkesmannen.no

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.