Ny rapport om tenestetilbodet til sårbare barn og unge
Barne- og familiedepartementet (BFD) har nedsett ei koordineringsgruppe som skal vurdera tenestetilbodet til barn og unge under covid-19 pandemien.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 19.05.2020
Gruppa består av deltakarar frå Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Folkehelseinstituttet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Politidirektoratet, Sekretariat for konfliktrådet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Gruppa skal levera jamnlege rapportar til departementet, og vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Du kan lese meir om koordineringsgruppa og rapportane her.