Retten til eit trygt og godt skolemiljø
Eit nytt skoleår står for døra, og Statsforvaltaren vil igjen rette søkelyset på skolemiljø. Å skape eit trygt og godt skolemiljø for kvar enkel elev er ei sentral oppgåve for skoleeigar, skoleleiarar og alle som arbeider på skolen. Det krev eit kontinuerleg førebyggande arbeid, der sosial læring gjennom arbeid med fag, klasseleiing og aktivitetsplikta er viktige komponentar. I tilnærminga må fokuset vere på både trygt og godt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kva betyr trygt og godt?
Trygt handlar om at elevane ikkje skal kome til skade og oppleve at skolen er ein trygg plass å vere. Elevane skal vere trygge på at alle som arbeider på skolen følgjer med og tar tak dersom noko skjer. I tillegg må arbeidet rette seg mot elevane sin rett til å ha det godt. Då handlar det om trivsel, kjensle av å vere inkludert og oppleving av å vere meiningsfull for fellesskapet. Samla sett må skolane ha ei vid tilnærming til eleven sin rett til eit trygt og godt skolemiljø.
Udir sine kompetansepakkar
Utdanningsdirektoratet har utvikla kompetansepakkar som gir fagleg påfyll og støtte til å utvikle skolen sin praksis. Kompetansepakkane Inkluderende praksis, Trygt og godt skolemiljø og Trygt og godt miljø i SFO skal bidra til refleksjon over verdiar, haldningar og skolekultur, samt utvikling av eigen praksis og auka handlingskompetanse. Kompetansepakkane kan brukast heilt eller delvis i arbeidet i profesjonsfellesskapet på skolen.
Vi vil også minne om ressurssidene på www.udir.no, til dømes Skolemiljø og Trygt og godt miljø i SFO. Statsforvaltaren legg jamleg ut informasjon om trygt og godt skolemiljø på nettsidene våre, og vi anbefaler skoleeigarar og skoleleiarar å abonnere på nyheiter.
Vi minner til slutt om plikta skolen har til å informere elevar og føresette om kva rettar dei har når det gjeld skolemiljøet.
Med ønske om ein god skolestart for alle!