FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne - CRPD

CRPD står for Convention on the rights of persons with disabilities. Konvensjonen skal sikre menneskerettane og fridomen til personar med nedsett funksjonsevne.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.12.2021

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har sett i gong eit nasjonalt pilotprosjekt for å gjere konvensjonen kjent, og Rogaland er eit av fire fylke som er med i dette prosjektet.

Sju kommunar i Rogaland har påtatt seg den viktige rolla å vere pilotkommunar. Desse kommunane er Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg, Lund, Hå og Utsira.

18. november møtte fem av desse pilotkommunane til felles CRPD-samling, saman med Bufdir og Statsforvaltaren i Rogaland. Samlinga vart opna av statsforvaltar Bent Høie. Dagen var sett av til å ta eit viktig steg framover i arbeidet med CRPD - å bli tryggare på kva konvensjonen handlar om og bli kjent med opplæringsmateriellet som Bufdir har utarbeidd. Og sist, men ikkje minst, korleis kommunane og Statsforvaltaren skal arbeide vidare med dette viktige arbeidet.

imageabuto6.png

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.