Betre lindrande behandling til personar med demens
Eit nytt e-læringsprogram skal gjere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar betre rusta til å gi personar med demens gode tenester i siste fase av livet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 05.06.2018
Det er behov for å auke kunnskapen og styrke kompetansen innan lindrande behandling (palliasjon) til personar med demens. E-læringsprogrammet er eitt av tiltaka i Demensplan 2020.
E-læringsprogrammet er utvikla av Nasjonalt kompetansetjeneste for aldring og helse på oppdrag frå Helsedirektoratet. Eit tilsvarande e-læringsprogram for legar er venta seinare i år.
Sjølve e-læringskurset ligg under "Lenkjer".
Kontaktpersoner
-
Bjørg Odland
Tlf: 51 56 88 74