Fylkeskommunane inviterte til naboprat
Statsråd Jan Tore Sanner har i dag send brev til alle fylkeskommunane, der dei blir inviterte til å delta i reformarbeidet som nå går føre seg. Dette blir sett på som ei naturleg følgje av kommunereforma.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I brevet frå statsråd Sanner blir fylkeskommunane oppfordra til å ta ein naboprat tilsvarande den kommunane nå er i gang med. Fylkeskommunane blir oppfordra til å fatte vedtak om strukturendringar på regionalt nivå innan hausten 2016. Stortinget skal ta stilling til både kommune- og regionstruktur våren 2017.
Involvering - og økonomisk støtte
I brevet kjem det elles fram at departementet ønskjer at fylkeskommunane involverer innbyggjarane i prosessen. Det er også annonsert økonomisk støtte til prosessen.
Du finn pressemelding og brevet på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si nettside.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13