Interessant, lokal utgreiing om kommunereforma
Onsdag 27. mai har styringsgruppa for arbeidet med kommunereforma i dei åtte kommunane frå Hå i sør til Randaberg i nord fått presentert ei grundig utgreiing som faktagrunnlag for det vidare arbeidet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har med interesse følgt prosessen i desse åtte kommunane, og har ved tidlegare høve marknadsført nettsida MinNyekommune.no som eit godt døme på det å informere og involvere.
Rapporten som nå er laga gjennom eit godt samarbeid mellom kommunane, og ved bruk av eigne ressursar, gir eit godt faktagrunnlag for det vidare arbeidet. I tillegg til faktadelen er det vist moglege framtidsbilete, og det er gjort analysar av ulike modellar for ny kommunestruktur.
Felles formannskapssamling 10. juni
Det er invitert til ny, felles formannskapssamling for dei åtte kommunane 10. juni, og rapporten blir då grunnlaget for debatten. Deltakarane blir utfordra til å kome med innspel i møtet.
For meir informasjon om rapporten, og om den vidare prosess i dette samarbeidet, viser vi til nettstaden MinNyekommune.no
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13