Ny og viktig rettleiar om lokaldemokratiet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i dag lansert ein ny rettleiar for utvikling av lokaldemokratiet. Rettleiaren er tenkt å vere til hjelp for kommunane i arbeidet med kommunereforma.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målet er at denne rettleiaren skal vere til god nytte i arbeidet med ny kommunestruktur. Rettleiaren er delt i tre bolkar. Den første tek for seg grunnleggande verdiar knytt til lokaldemokratiet. Den andre bolken tek opp problemstillingar rundt politikk, politisk organisering og politikarrolla. I den tredje er temaet kommunen og innbyggarane. Det er også laga eit eige debatthefte.
Demokrati tema på prosess-samling 28. oktober
Demokrati er også hovudtemaet på den annonserte prosess-samlinga vår 28. oktober. Det er lagt opp til at denne rettleiaren frå KMD er eitt av temaa på samlinga.
Du finn rettleiaren og debattheftet på KMD si nettside.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13