Velkommen til Fagsamling om kommunereforma!
KS og Fylkesmannen inviterer kommunane til fagsamling for det vidare arbeidet med kommuneforma den 27. august 2015. Målet er at samlinga skal vera til inspirasjon, og at det skal vera høve til å dela erfaringar med arbeidet så langt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er mange faglege og praktiske spørsmål som er knytt til prosessen når kommunane nå skal gå vidare med konkretisering av ny kommunestruktur. Derfor er ei slik fagsamling nyttig for både kommunane, KS og Fylkesmannen.
Korleis laga dei nye Sandfjord kommune?
Tidlegare rådmann i Andebu, Ole Sverre Lund, har god erfaring med å danna ein ny kommune i Vestfold. Dette gjeld alle sider ved prosessen. Han gir oss gode døme på både suksessfaktorar og utfordringar.
Innbyggjarinvolvering i praksis
Kommunane skal på ulike vis involvera innbyggjarane, og her kan det vera spørsmål til korleis dette skal skje. Geir Almlid frå Distriktssenteret vil bidra med tips om dei praktiske sider ved innbyggarinvolvering.
Prioriter samlinga!
Målgruppa for samlinga er dei ansvarlege for prosessen i kommunen. Vi ber om at kommunane gjer sitt beste for å vera representerte på denne samlinga. Det er høve til at to personar frå kvar kommune deltar.
Samlinga blir på Thon Hotell Maritim i Stavanger den 27. august 2015 klokka 10:00-14:00. Det er inga deltakaravgift.
Påmelding og program for samlinga finn du her. Lenke også i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13