Fagdag om landbruksbygg i tre
- Dato:
- 15. september 2022 09:30 - 15:45
- Sted:
- Bryne kro og hotell
- Arrangør:
- Rogaland skognæringsforum i samarbeid med Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag og Rogaland treforum
- Målgruppe:
- Bønder og andre interesserte i klimavenlege landbruksbygg
- Påmeldingsfrist:
- 12. september 2022 12:00
Klimavenlege og moderne landbruksbygg i tre blir tema torsdag 15. september kl. 09.30 - 15.45 på Bryne Kro og Hotell. Her blir det faglege innlegg frå ulike leverandørar og synfaring av ferdige landbruksbygg i tre.
Målet med fagdagen er å inspirere fleire bønder til å ta klimavenlege val når dei investerer i landbruksbygg. Bøndene kan bidra til å lagre CO2 i sine landbruksbygg, og redusere CO2-utsleppa ved bruk av tre med lågt CO2-fotavtrykk samanlikna med andre byggjematerialar. I tillegg har bygg i tre positive effektar for trivsel og inneklima, gjennom naturleg regulering av fukt, temperatur og ventilasjon og god lyddemping. Dette vil du få høyre meir om på fagdagen.
Arrangør er Rogaland Skognæringsforum i samarbeid med Rogaland Bondelag, Rogaland treforum og Statsforvaltaren i Rogaland. Fagdagen er open for alle interesserte.
Program
09.30. Opning v/ Olaf Gjedrem, Rogaland skognæringsforum og Marit Epletveit, Rogaland Bondelag.
09.40 Framtidsretta og berekraftige bygg i tre v/ Njål Undheim, Helen & Hard arkitektar.
10.20 Kaffi og beinstrekk.
10.35 Eksempel frå oppsette bygg, erfaringar, leveransar og prisar v/Mikal Nordbø, Riska Sagbruk.
11.10 Klima- og miljøfordelar med bruk av tre v/Kristin Bryne-Sandvik, tidlegare tredrivar i Rogaland.
11.40 Reglar for tilskot og lån ved investering i landbruksbygg v/Aart Magnussen, Innovasjon Norge.
12.00 Lunsj.
13.05 Busstransport til Vigrestad.
13.35 Synfaring, bygg for mjølkeproduksjon og ammekyr. Vert: Leif John Haugstad.
Adresse: Haugland 25, Vigrestad.
14.15 Busstransport til Matningsdal.
14.35 Synfaring, kombinasjonsbygg for sau og ammekyr. Vert: Johan Tjåland.
Adresse: Matningsdal 70, Brusand.
15.15 Bussavgang til Bryne.
15.45 Ankomst Bryne.
Arrangementet er gratis, men krev påmelding innan frist.
- Dato:
- 15. september 2022 09:30 - 15:45
- Sted:
- Bryne kro og hotell
- Arrangør:
- Rogaland skognæringsforum i samarbeid med Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag og Rogaland treforum
- Målgruppe:
- Bønder og andre interesserte i klimavenlege landbruksbygg
- Påmeldingsfrist:
- 12. september 2022 12:00
Kontaktpersoner
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72