Regjeringa set jordvern meir på dagsorden!

Regjeringa la i går fram oppdatert nasjonal jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet. Dette er med på å setje jordvern meir på dagsorden, og det er kome fram to nye konkrete tiltak.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.10.2018

Oppdatert strategi er lagt fram etter råd frå Stortinget, og målet om at omdisponeringa av dyrka jord skal vere under 4000 dekar blir ikkje endra. Meir informasjon finn du på Landbruks- og matdepartementet si nettside.

To nye tiltak

Oppdatert strategi inneheld to konkret tiltak:

  • Regjeringa vil utgreie ein søknads- eller meldeplikt for å regulere landbruket si eiga nedbygging.
  • Regjeringa vil utgreie eit krav om å tinglyse opsjonsavtalar om dyrka og dyrkbar jord.

Dette er viktige tiltak for å nå målsettinga om redusert omdisponering av dyrka jord også i Rogaland, og som også er tema i regional jordvernstrategi for Rogaland. Landbruksnæringa sjølv bygg ned for mye god jord m.a. til driftsbygningar.  

Spreidd utbygging bidreg til nedbygging

Spreidd utbygging utgjer ein vesentleg del av nedbygging av dyrka jord. Dette er også omtalt i oppdatert strategi (pkt. 1.2.9). Regjeringa vil gi ut ein eigen rettleiar om planlegging av spreidd utbygging.

Jordvernbrevet frå Bård Hoksrud er viktig

Den 1. oktober fekk alle Fylkesmenn eit brev om som var meint som ei klargjering av praktisering av motsegn når det gjeld jordvern, og er også å oppfatte som ei presisering av at jordvernet er viktig i planlegginga. Det er vist til dette brevet i samband med presentasjon av oppdatert jordvernstrategi. Sjå vår eiga nettsak om brevet.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner