Kor går grensa mellom lokalt sjølvstyre og nasjonale føringar

Fem ordførarar stiller til paneldebatt under Landbrukkonferansen 13.-14. mars. Debatten kjem etter at fylkesordførar Janne Johnsen og fylkesmann Harald Thune har hatt sine innlegg under konferansen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.02.2012

Landbrukskonferansen blir arrangert på Rica Maritim Hotel i Haugesund, og går over to dagar. Første dag er det Landbrukspolitisk konferane der det mellom anna blir paneldebatt.

Dagen startar med ein gjennomgang av Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken - Velkommen til bords. Gjennomgangen skal ha fokus på utfordringar og moglegheiter for landbruksnæringa i åra framover.

Fylkesordførar Janne Johnsen skal ha eit innlegg om utfrordringar og moglegheiter for landbruket i Rogaland og Rogaland fylkeskommune i rolla landbrukspolitisk aktør. Fylkesmann Harald Thune skal ha eit innlegg om Fylkesmannen si rolle som statleg sektormynde på landbruks- og matområdet.

Det er invitert fem ordførarar frå ulike delar av fylket til paneldebatt; Stanley Wirak frå Sandnes, Mons Skrettingland frå Hå, Gro Skartveit frå Finnøy, Marthon Skårland frå Bjerkreim og Ole Johan Vierdal frå Vindafjord. Dei skal seie noko om korleis kommunane opplever å ha ansvar for lokal landbrukspolitikk og diskutere kor grensa går mellom lokalt sjølvstyre og nasjonale føringar. Fylkesmann og fylkesordførar skal og delta i paneldebatten.

Etter paneldebatten blir det eit innlegg med Aksel Nærstad frå Utviklingsfondet. Han skal snakke om "Kampen om maten - norsk matproduksjon i ein global samanheng". Han vil og sjå på korleis vi kan handtere miljø- og klimautfordringane samstundes som vi produserer nok mat.

I den seinare tid har det vore fokus på naturmangfaldlova og konsekvansar for aktiv landbruksdrift. På konferansen blir det stilt spørsmål ved om naturmangfaldlova er ein trussel for landbruket og korleis kommunane kan balansere omsynet til naturmangfaldlova og næringsinteressene i landbruket. Her blir det eit innlegg frå Per Kristian Austbø som er seksjonsjef ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen og eit innlegg med Tor Inge Eidesen som er mjølkebonde i Haugesund.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter