Rulleringa av Regionalt miljøprogram i Rogaland har starta

Ny kabal for 66 millionar kroner i regionalt miljøtilskot skal leggast i 2022. Regionalt miljøprogram skal treffe miljøutfordringane i Rogaland, og Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag skal i fellesskap velje ut kva slags miljøtilskot som skal gjelde i fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.07.2022

Forslaget til nytt Regionalt miljøprogram i Rogaland 2023–2026 skal vere klar til utsjekk hos Landbruksdirektoratet 15. oktober, og kjem på høyring i desember. I forkant av høyringa inviterer Statsforvaltaren til opne temamøte for å få innspel til miljøprogrammet, og for å få merksemd kring dei ulike miljøtema i planen. Det er faglege innlegg på kvart møte, og fleire av møta er i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Rogaland bondelag. Program og link til påmeldingsskjema finn du i nettsakene tilhøyrande temamøta.

Oversikt over temamøte

Kva tiltak kan vi velje?

Landbruksdirektoratet publiserte nyleg sin instruks for regionale miljøtilskot 2023–2026. Instruksen gir oversikt dei regionale miljøtilskota som Rogaland kan velje å ta i bruk. Instruksen opnar for at dagens ordningar i Rogaland kan førast vidare i ny programperiode. Stor auke i økonomisk ramme gjer at Rogaland må diskutere å ta i bruk nye tilskotsordningar.

Styringsgruppe for Regionalt miljøprogram

Statsforvaltaren administrerer Regionalt miljøprogram. Det er sett saman ei styringsgruppe som er med og set tilskotssatsar og føringar for Rogaland. Styringsgruppa har minimum to møte i året, og består per 1. juli 2022 av desse personane:

Geir Skadberg

leiar av styringsgruppa, Statsforvaltaren, landbruk

Monica Dahlmo

Statsforvaltaren, landbruk

Nono Dimby

Statsforvaltaren, landbruk

Kirsten Redmond Kristiansen

Statsforvaltaren, miljø

Kristian Wilén Haaland

Statsforvaltaren, miljø

Kjersti Dahl

Rogaland fylkeskommune, kulturarv

Steinar Eldøy

Rogaland fylkeskommune, regionalplan

Irene Tjøstheim

Rogaland Bondelag

Stig Helgesen

Rogaland Bonde- og småbrukarlag

Steinar Nordvoll

Eigersund og Sokndal kommunar, representant for kommunal landbruksforvaltning

Birgitt Harstad

Norsk landbruksrådgiving Rogaland

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.