Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL)

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er eit tverrfagleg felles nasjonalt prosjekt mellom landbruks- og klima- og miljøforvaltninga. 22 område frå heile landet er vald ut. Rogaland sine utvalde kulturlandskap er tre område på Rennesøy.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.11.2014

Jordbrukets kulturlandskap er eit resultat av generasjonar med busetting og aktiv bruk av arealressursar. Spora frå fortida viser mellom anna gravhaugar, særprega bygningar, steingardar og gamle ferdselsårer. Bøndene sin bruk av naturens ressursar til matproduksjon viser att i til dømes slåttenger, åkrar, beitemarker og kystlyngheiar. Heilskapen av gardstun, innmark og utmark med store kulturhistoriske og biologiske verdiar kan gå tapt om ikkje aktive bønder vidarefører arbeidet med målretta bruk, skjøtsel og vedlikehald.

Landbruks-, natur- og kulturminneforvaltninga samarbeider for å støtte bønder som er villige til å gjere ein ekstra innsats for å ivareta vårt verdifulle kulturlandskap i dei utvalde områda. Direktorat, regionale etatar, kommunar og grunneigarar samarbeider om å følgje opp dei nasjonale måla om å ta vare på spesielt verdifulle kulturlandskap.

Areala i dei tre utvalde områda i Rennesøy kommune,  Hodne-Dale-Sel, Førsvoll-Austbøheia og Helland-Bø, har stor breidde i biologiske og kulturhistoriske verdiar. Bønder bruker i dag desse areala i den daglege drifta og jobbar målretta etter skjøtselsplanar for å sikre at heilskapen av verdiar i kulturlandskapet ikkje går tapt. Eit nettverk av turstiar gjer òg desse områda lett tilgjengeleg for turgåarar.

Lenker til nasjonale utvalde kulturlandskap

Lenker til utvalde kulturlandskap i Rennesøy kommune

Kulturlandskap på Sel

Brenning av kystlynghei på Helland, Rennesøy

Austbøheia på Rennesøy

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner