Regelverket for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel er endra

Med endra forskrift er øvre aldersgrense på 70 år innført på nytt. Det har også skjedd endringar i reglane for far sin permisjon i samband med fødsel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.07.2015

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har endra forskrift nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. av 19.12.2014. Endringane er satt i verk.

Kort oppsummering av endringane i forskrifta:

For tilskot til avløysing ved sjukdom, er øvre aldersgrense på 70 år innført på nytt. For andre tilskotsordningar er det inga øvre aldersgrense.
Avgrensinga på 365 dagar med tilskot til avløysing ved sjukdom, er knytt til tal dagar det er utbetalt tilskot for. Når det ikkje har blitt utbetalt tilskot ved sjukdom i 26 veker samanhengande, kan tilskotet bli utbetalt for inntil 365 nye dagar. Det har ikkje lengre betyding om søkjaren har vore sjukemeldt i løpet av dei 26 vekene. Det som er viktig er at søkjaren ikkje har fått utbetalt tilskot ved sjukdom i denne perioden.
Ved 100 % uføre kan det ikkje bli utbetalt tilskot til avløysing ved sjukdom.
Far kan ta 14 dagar permisjon i samband med fødsel i tidsrommet frå 14 dagar før fødsel til 14 dagar etter at mor og barn er heime frå sjukehuset. Det er ikkje lenger krav til at avløysinga må vere «samanhengande».

 

Meir informasjon om det nye regelverket finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.