Strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar i 2016
2016 blir eit år der dei bedriftsretta landbruksmidlane til Innovasjon Norge Rogaland skal rettast mot storfeproduksjon. Først og fremst mot nye kufjøs, men også mot ammekufjøs. Vidare skal arbeidet med å betre vasskvaliteten intensiverast. Det blir opna for tilskot til nye gjødsellager på gardsbruk i utvalde område.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen i Rogaland har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet ansvar for å formidle strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar til Innovasjon Norge. 2015 har vore eit spesielt år, då midlane blei brukt opp allereie i juni. Fylkesmannen ser difor behov for å formidle dei strategiske føringane for 2016 tidlegare enn vanleg.
Det skal framover satsast spesielt på storfeproduksjon. Tilskot til sauehus skal ikkje ha prioritet i 2016. Sauenæringa har gjennom mange år fått tilskot. Situasjonen for saue- og lammekjøt er rundt marknadsbalanse, med ein viss fare for overproduksjon. I lys av det store investeringsbehovet hjå bøndene i Rogaland, har vi for 2016 valt å prioritere strengt. Føringane for bruken av midlane er forankra i regionalplan for landbruk i Rogaland, og i den regionale landbrukspartnarskapen.
Prioriteringa av distrikta ligg fast. 70 % av midlane skal nyttast utanom dei sentrale områda på Jæren. Nye fjøs skal plasserast slik at det ligg godt til rette for aktiv beitebruk. På dei sentrale områda på Jæren, vil nye kufjøs ha prioritet så fram den årlege produksjonskapasiteten ikkje er høgare enn 350 000 liter mjølk.
Meir om dei strategiske føringane finn du i brevet til Innovasjon Norge i høgre marg.