Ny leiing installert på felles kontor, med open dør
Geir Skadberg har som kjend blitt pensjonist, og Anfinn Rosnes er konstituert landbruksdirektør fram til ny leiar er tilsett. Monica Dahlmo vil i perioden fungere som assisterande direktør.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den nye leiargruppa blei etablert frå 1. juli 2023. Monica og Anfinn har lang erfaring frå avdelinga, og har saman god kunnskap om landbruket i Rogaland og om oppdraget som skal utførast. Begge ønskjer å vere tilgjengelege, og skal gjere sitt beste for å leie avdelinga fram til ny permanent leiing er på plass. Landbruksavdelinga har elles gode folk som vil bidra til at arbeidet held fram på same måte.
Stillinga som landbruksdirektør ledig
Stillinga som ny landbruksdirektør blir lyst ut i september, følg med på vår nettside eller på jobbnorge.no.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13