Fagdag om utmarksbeiting og kystlynghei
Haugaland landbruksrådgjeving arrangerer til fagdag på Park Inn hotell, ved Haugesund lufthamn Karmøy den 3. juni 2016. Det blir lagt særleg vekt på praktiske spørsmål, som organisering av beitedrifta, og skjøtselserfaringar frå dei siste åra blir oppsumert.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Utmarksbeite har eit stort omfang i husdyrfylket Rogaland, også på kystlynghei i låglandet. Brukarane får tilskot over miljøtilskota i landbruket, særleg regionalt miljøprogram til beiting og annan skjøtsel av 100 000 da av den utvalde og trua naturtypen kystlynghei som er kartlagt i Naturbase. Miljødirektoratet gir tilskot til skjøtsel av 18 000 da kystlynghei.
Stor aktivitet på Haugalandet
Denne skjøtselen er særleg aktiv på Haugalandet i Nord-Rogaland. I handlingsplanen for kystlynghei vart det valt ut to område på til saman 13 000 da på Sør-Karmøy (bilete) som kan få ein særleg høg skjøtselssats frå Miljødirektoratet. Haugaland landbruksrådgjeving har hatt ei sentral rolle i å informera og organisera brukarane, laga skjøtselsplanar og administrera satsinga. I det verna Høievassdraget har leiaren i Haugaland villsaulag , Ove Stumo, rydda og skjøtta store areal tilgroande kystlynghei .
Vegen vidare
Nå blir desse erfaringane oppsummert på fagdagen 3. juni på Karmøy, ved Haugesund lufthamn (program i høgre marg). Fagdagen blir halden dagen før årsmøtet i Norsk villsaulag. Det er lagt særleg vekt på praktiske spørsmål, som organisering av beitedrifta. Me trur at desse erfaringane har interesse langt utover Haugalandet og Rogaland, og vil derfor informera også forvaltarar hos fylkesmennene i kystfylka. Fagdagen er støtta økonomisk av Miljødirektoratet.
Me ser gjerne at de spreier informasjonen vidare.