Tilskot til tilpassa drift på økologisk funksjonsområde for svarthalespove
Fylkesmannen vil oppmode alle grunneigarar som har hekkande svarthalespove på sin eigedom til å søke om tilskot til å ta vare på den truga fuglearten. Svarthalespoven hekkar i graseng, og tilskotet skal sikre at hekkeområdet får vere i fred for slått og anna aktivitet fram til 5. juli. Svarthalespoven er særskilt beskytta gjennom Forskrift om svarthalespove (Limosa limosa) som prioritert art.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Alternativt kan grunneigarar søke om dispensasjon frå forskrifta. Dersom utsetting av slåtten vil føre til vesentleg ulempe og tap vil Fylkesmannen gje slik dispensasjon.
Meir informasjon om forvaltninga av svarthalespoven i år går fram av brevet på høgre side under relaterte dokument. Dette brevet blei sendt ut til alle aktuelle grunneigarar i området Reve – Orre i Klepp kommune. Grunneigarar med registrerte hekkeområde har blitt kontakta særskilt i ettertid, mellom anna med kart over hekkeområde på sine eigedommar.