Elevar marknadsfører naturbruksutdanninga
Innlandet har fire vidaregåande skular som tilbyr studieprogrammet naturbruk. Elevane sjølve ønsker at fleire skal få augene opp for dette studieprogrammet, og saman markandsfører dei naturbruk gjennom prosjektet PS!Naturbruk.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei vidaregåande skulane som har naturbruk som programfag, driv eit godt arbeid for å profilere seg. Søkartala er gode. Det siste året har dei i tillegg fått drahjelp frå elevane gjennom prosjektet PS!Naturbruk. Elevane er opptatt av at fleire skal oppdage at naturbruk er eit godt val med tanke på å skaffe seg både fagutdanning og studiekompetanse.
Ordinær søknadsfrist for inntak til vidaregåande skule er 1. mars. Det er difor akkurat nå aktuelt for elevar i 10. trinn å sette seg inn i moglegheitene som naturbruksutdanninga gjev.
Statsforvaltaren bidreg i arbeidet med rekruttering og kompetanse i landbruket gjennom deltaking i partnarskapen saman med Innlandet fylkeskommune og landbruksnæringa.
Du kan lese meir om PS!Naturbruk hos Innlandet fylkeskommune. Der kan du også sjå film som elevane har laga.