Mekling mellom Statsforvaltaren i Innlandet og Nord-Fron kommune om reguleringsplan for Holslågrenda, Skåbu

Storfe på utmarksbeite

Det blei gjennomført meklingsmøte 2. februar etter at Statsforvalteren fremma motsegn til planen ved høyring i haust. Motsegna var i hovudsak grunngjeve med at planlagt utbygging kom for nær seterstulen på Holslåsetrin. I tillegg blei det lagt vekt på landskapsomsyn og at planen braut med føresetnader i vedteke kommuneplan.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.02.2022

Det blei gjennomført eit dialogmøte mellom Statsforvaltaren og kommunen i slutten av oktober som ga nyttige avklaringar men ikkje semje. I meklingsmøte kom partane fram til ei løysning som inneber at kommunen tek ut nokre av dei tomtene som ligg nærast seterstulen. Partane viste begge vilje til å løyse saka lokalt gjennom dialog og kompromiss.

Planforslaget blir nå omarbeidd ut frå dei endringane ein var samd om.

Kontaktpersoner