Ny lov om integrering

Stortinget har vedtatt ny integreringslov. Lova gjeld frå 1. januar 2021 og skal syte for at innvandrarar blir tidleg integrert i det norske samfunnet, og blir økonomisk sjølvstendige.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.01.2021, Sist endret 26.01.2021

Den nye lova gjeld for innvandrarar som får opphaldsløyve etter 1. januar 2021, eller som får opphaldsløyve før dette, men kjem til Noreg i 2021. Introduksjonslova gjeld framleis for dei som allereie er deltakarar i introduksjonsprogrammet, eller som får opphaldsløyve før årsskiftet.

Integreringslova skal bidra til at innvandrarane få gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og ei varig tilknyting til arbeidslivet.

Lova medfører ei rekkje endringar i rettane og pliktene til dei som deltek i introduksjonsprogrammet, og for innhaldet i introduksjonsprogrammet.

Programtida skal i større grad tilpassast den enkelte

Deltakarane skal i større grad få eit program med innhald og varigheit som er tilpassa den enkelte. Programtida skal fastsetjast ut frå kva utdanning eller kompetanse den enkelte har, og sluttmålet for programmet. Programmet kan vare frå tre månader og opp til fire år.

Kommunen skal sette eit sluttmål, som vert avgjerande for programtida. Introduksjonsprogrammet kan berre forlengast dersom det er grunn til å forvente at deltakaren vil oppnå sluttmålet sitt med ei forlenging. Programmet skal avsluttast ved oppnådd sluttmål eller fastsett varigheit.

Nye rettar og plikter for deltakarane

Det blir innført obligatorisk kurs i livsmeistring for alle deltakarar, og kurs i foreldrerettleiing for dei som har barn under 18 år, eller som får barn i løpet av programmet.

Alle deltakarar i introduksjonsprogrammet har rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging. Unnatak gjeld for dei som har gjennomført kompetansekartlegging i mottak. Deltakarane skal også få karriererettleiing. Resultata frå desse to aktivitetane står sentralt i tilpassinga av programmet.

Deltakaren og kommunen skal inngå ei integreringskontrakt samstundes som det blir utarbeidd ein integreringsplan. Kontrakten skal innehalde kommunen og deltakaren sine gjensidige forpliktingar, og det langsiktige målet til deltakaren. Kommunen skal òg setje eit norskmål for kvar enkelt deltakar, avhengig av den tidlegare skulegangen til deltakaren.

Dei som er under 25 år og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring skal få slik opplæring som ein del av introduksjonsprogrammet.

Opplæring i norsk

Norskopplæringa skal òg styrkast, og dagens krav om å gjennomføre eit visst tal timar norskopplæring blir erstatta med eit krav om at den enkelte skal oppnå eit visst nivå i norsk. Det er kommunen- og fylkeskommunen sitt ansvar å syte for at deltakaren oppnår minimumsnivået. Minimumsnivået utgjer norskmålet til deltakaren.

Ansvarsfordeling

Kommunane som har asylmottak har ansvar for tidleg kvalifisering i mottaka. Dette er knytt til mellom anna kompetansekartlegging og opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Vidare har kommunane ansvar for å tilby introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for personar med rett og plikt busett i deira kommune.

Fylkeskommunen har fått i oppgåve å tilrå kor mange flyktningar som bør busettast i kommunane i fylket. Dei har også ansvar for å gjennomføre karriererettleiinga. Vidare har dei ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for deltakarar som går fulltid i vidaregåande opplæring. Fylkeskommunens ansvar gjeld frå oppstart i vidaregåande opplæring.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.