Flyktningar frå Ukraina
På grunn av mengda med ukrainske flyktningar i Europa blir det opna for at asylsøkjarar kan registrere seg fleire stader i landet. Fram til onsdag 16. mars er det berre Nasjonalt ankomstsenter i Råde kommune som kan registrere asylsøkjarar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 11.03.2022, Sist endret 14.03.2022
Noreg opnar for å gje kollektiv beskyttelse til ukrainarar og etablerer fleire mottaksplassar. Ukrainarar som kjem til Noreg no, kan i første omgang få opphaldsløyve i inntil eitt år.
Les pressemeldinga frå Regjeringa om kvar asylsøkjarane kan få registrert seg.
Noreg riggar seg for ei stor og krevjande flyktningkrise. Slik er ansvaret fordelt:
Ansvar for asylsøkjarane:
- Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av søknader om asyl og utvisningssaker, og for akutt innkvartering og drift av asylmottak.
- Politiets utlendingseining (PU) tek i mot søknader om asyl og gjennomfører asylintervju.
- Kommunane skal yte primærhelsetenester og barnevernstenester til alle som oppheld seg i kommunen, også for asylsøkjarar som er midlertidig innkvartert. Barn som bur i ordinære asylmottak, skal få tilbod om skule. Kommunane får dekt utgiftene sine gjennom løyvingar frå UDI, og kan dessutan søkje om refusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak til barnet fyller 20 år.
Statsforvaltarens oppgåver:
- Statsforvaltaren utnemner representantar for einslege asylsøkjarar som er under 18 år.
- Vi er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter for å sikre rask kommunikasjon begge vegar.
- Vi har ansvar for behandling av saker som gjeld fri rettshjelp.
- Vi fører tilsyn med omsorgssenter for einslege asylsøkjarar under 15 år.
- Vi er tilsyns- og klageinstans og rettleiar kommunane i saker som gjeld sosiale tenester og introduksjonslova.
- Vi gir kommunane råd og rettleiing på helseområdet.
- Vi gir kommunane råd og rettleiing på barnehage- og skuleområdet.