Orientering om nasjonale prøvar hausten 2022
Nasjonale prøvar er obligatoriske. Føremålet med prøvane er å gi skulane kunnskap om elevane sine grunnleggande dugleik i lesing, rekning og engelsk. Informasjon frå prøvane skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nasjonale prøvar og nye læreplanar
Alle nasjonale prøvar er justert slik at dei føl nye læreplanar. I tillegg vil nasjonale prøvar i engelsk frå hausten 2022 og inkludere ein ny lyttedel. Dette krev at elevane har hovudtelefonar under gjennomføringa.
Måling av utvikling over tid
Nye læreplanar og gjennomføring i nytt system får konsekvensar for måling av utvikling over tid (trend). Utdanningsdirektoratet startar ei ny trendmåling frå og med hausten 2022, det vil seie at det blir eit brot i trendmålingane. Dette betyr at resultat frå før 2022 ikkje nødvendigvis kan samanliknast direkte med resultat frå 2022.
Viktige datoar
Dato | Aktivitet | Trinn |
1. august | Påmelding startar | 5., 8. og 9. trinn |
5. til 30. september | Gjennomføring av nasjonale prøvar | 5., 8. og 9. trinn |
30. september | Frist for registrering av friteke / ikkje delteke på alle prøvar | 5., 8. og 9. trinn |
30. september kl. 23:59 | First for å skåre opne prøvar (gjeld 8. og 9. trinn) | 8. og 9. trinn |
Vurdering og skåring av opne oppgåver
Fristen for å vurdere opne oppgåver, for 8. og 9. trinn, er siste dag i gjennomføringsperioda 30. september kl. 23:59. Det er rektor sitt ansvar at alle opne oppgåver blir skåra innan fristen.
Dersom opne oppgåvene ikkje blir skåra innan gitt frist, blir oppgåvene sett til 0 poeng og automatisk bekrefta.
Prøvetid
Engelsk: 60 minuttar
Lesing og rekning: 90 minuttar
Brukarstøtte
Dersom det skulle oppstå uforutsette hendingar i gjennomføringsperioda, som at det til dømes oppstår tekniske problem eller at elevar ikkje får levert prøven, kontaktar rektor skuleeigar.
Ved behov kontaktar skuleeigar Statsforvaltaren på e-post: fmvteksamen@statsforvalteren.no.
Kontaktpersoner
-
Kristine Sti
Tlf: 33 37 24 38 -
Liv Tone Gundersen
Tlf: 35 58 62 95 / 98 43 91 89