Plan for forvaltningskontrollar i kommunane i 2023

Det er planlagt kontrollar innan forvaltning på området jord og skog som omfattar 13 kommunar i fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.04.2023

Forvaltningskontrollane er knytt til oppgåva Statsforvaltaren har med å rettleia og følgja opp kommunane i forvaltinga av dei økonomiske verkemidla.

Kvart år utarbeidar Statsforvaltaren ein risikobasert kontrollplan som sikrar at vi nyttar ressursane rett i forhold til risiko, at vi over tid kontrollerer alle ordningane og at alle kommunane i fylket får kontrollbesøk.

Ein del av kontrollane vert gjennomført ved besøk i kommunen, og inneheld ein feltkontroll, medan nokre kontrollar gjennomførast som dokumentkontroll.

I 2023 vil Statsforvaltaren leggja vekt på vidareføring av arbeidet i kommunane med internkontrollen for dei økonomiske tilskotsordningane innan landbrukssektoren. Internkontrollen skal vere forankra og integrert i kommunen sitt styringssystem.

Med det utsende brevet vil vi varsla om kontrollane. I neste omgang vil vi ta kontakt for å avtala aktuelle tidspunkt for kontroll med kvar einskild kommune. Datoane vil deretter bli stadfesta med brev som òg gir fleire detaljar om tema, innhald og tidsplan.

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.