Infoskriv nr. 30/2021 - uke 39

  • Foredrag frå samlinga om PT og avlingssvikt
  • Kontroll brukartilgangar
  • Matglede-brosjyre
  • Regional strategi for forsking, innovasjon og næring i Vestfold og Telemark
  • eStil-RMP: ustabile / utilgjengelege tenester
Publisert 30.09.2021

Foredrag frå samlinga om PT og avlingssvikt

Tysdag 28. september vart det gjennomført kompetansesamling om produksjonstilskot og erstatning ved avlingssvikt. Presentasjonane som vart viste er no lagt ut under Kurs og konferansar.

 


Kontroll brukartilgangar

Alle kommunane i Vestfold og Telemark har fått tilsendt liste med kven i kommunen som har brukartilgang, og med kva for rolle. Det er framleis nokre kommunar som ennå ikkje har gitt tilbakemelding på at dei har kontrollert lista. Frist for tilbakemelding er satt til 1. oktober.

Les meir her


Matglede-brosjyre

Matgledekorpset har utarbeidd brosjyre for å inspirera til matglede og betre matomsorg for eldre.

Les meir her


Regional strategi for forsking, innovasjon og næring i Vestfold og Telemark

Fylkeskommunen i Vestfold og Telemark har sendt strategien ut på høyring, med høyringsfrist 15. oktober. Strategien omfattar strategiske innsatsområde for forsking, innovasjon og næringsutvikling i fylket Vestfold og Telemark.

Les meir her

 


eStil-RMP: ustabile / utilgjengelege tenester

Kartverket melder om vedlikehald av systema sine torsdag 30/9/2021 frå kl. 18. Kartløysingane i eStil- RMP kan derfor til tider vera ustabile og utilgjengelege denne kvelden.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner