Infoskriv nr. 5/2021 - uke 5

  • Kompetanseplanen våren 2021
  • Vidare saksbehandling av RMP-søknadene
  • Klimatiltak i skog – tilskotssatsane for 2021 er fastsett
  • Endringar i tilskot til avløysing ved sjukdom

 

Publisert 05.02.2021

Kompetanseplanen våren 2021

Vi er no klare til å legge ut samla kompetanseplan som gjeld for våren 2021 der den kommunale landbruksforvaltinga er målgruppe. Dei aller fleste samlingane skal gjennomførast på teams denne våren. 

Les meir her


Vidare saksbehandling av RMP-søknadene

No har vi saman med faglaga fastsett satsane for 2020. Einaste endring frå dei førebelse satsane er for soner for pollinerande insekt. Satsen blir redusert frå 15 til 13 kr/meter for dette tiltaket. Det er tilstrekkeleg for å komma innanfor fylkesramma på 36 mill. kr og framleis ha noko igjen til klagebehandling.

Kommunen har frist til 19. februar på å attestera søknadene (endeleg vedtak). Innan denne fristen kan saksbehandlar gjenopna og saksbehandle søknadene.

Les meir her


Klimatiltak i skog – tilskotssatsane for 2021 er fastsett

Det er løyvd 29,04 millioner kroner i sentral ramme til tettare planting ved forynging etter hogst, suppleringsplanting og gjødsling av skog i 2021.

Les meir her


Endringar i tilskot til avløysing ved sjukdom

Endringa gjeld berre jordbrukarar som har kronisk sjuke barn. Dei kan no få tilskot for inntil 30 dagar pr år (auka frå 20 dagar) for kvar av foreldra, eller inntil 60 dagar for einslege foreldre. Endringa gjeld avløysing frå 1. januar 2021.

Les meir her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner