Infoskriv nr. 2/2021 - uke 2

  • Produksjonstilskot - oppfølging vanleg jordbruksproduksjon
  • Produksjonstilskot – fristar for kommunane
  • Areal som kan vere ute av drift
  • Kompetansesamling 19. januar - tildeling av tilskot - skogbruk
  • Stor etterspurnad etter tilskot for å oppretthalde hogst i Vestfold og Telemark som følge av koronapandemien
  • Webinar om nye erosjonsrisikokart
  • Kompetansesamlingar våren 2021
  • Landbruksdirektoratet får nye heimesider fredag 22. januar
Publisert 15.01.2021

Produksjonstilskot - oppfølging vanleg jordbruksproduksjon

Innan landbruksforvaltinga i kommunane skal fatte vedtak om produksjonstilskot for 2020, ber vi dykk om å sørge for at vilkåret om vanleg jordbruksproduksjon er følgt opp.

Les meir her


Produksjonstilskot – fristar for kommunane

19. januar er frist for å handsame etterregistrerte opplysingar og setje søknad som skal vere med i hovudutbetalinga til «Foreløpig godkjent». I perioden 20. januar til 5. februar skal kommunen fatte vedtak om produksjonstilskot ved å attestere søknadene.

Les meir her


Areal som kan vere ute av drift

Mykje areal kan synast å vere ute av drift i statistikk frå NIBIO. No vil Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sette lys på årsaker til dette og arbeide for at meir av jordbruksareala takast i aktiv bruk.

Les meir her


Kompetansesamling 19. januar - tildeling av tilskot - skogbruk

Statsforvaltaren ønsker å diskutere skogordningane med kommunane i teamsmøte tirsdag 19. januar kl.12:00

Les meir her


Stor etterspurnad etter tilskot for å oppretthalde hogst i Vestfold og Telemark som følge av koronapandemien

For å sikre oppdrag til hogst-entreprenørar og dermed oppretthalde sysselsetjinga da Covid-19 braut ut, blei det lansera eit eige tilskot til skogsdrifter med høge driftskostnader. Vi har opplevd stor interesse for dette tilskotet i Vestfold og Telemark.

Les meir her


Webinar om nye erosjonsrisikokart

NIBIO har utvikla nye og meir riktige erosjonsrisikokart. Den viktigaste endringa er at dei bruker klimadata for kvar km2 og riktige hellingslengder. I nokre fylke er det store endringar; som regel lågare erosjonsrisiko. I vårt fylket er det generelt ei endring mot større erosjonsrisiko, men det er òg areal der erosjonsrisikoen blir lågare. I kommande søknadsomgang for RMP-tilskot skal det brukast tilskotskart for avrenning som også inkluderer drågerosjon.

Les meir her


Kompetansesamlingar våren 2021

Vi har vore gjennom ein aktiv periode i haust med mange fagsamlingar på Teams mynta på den kommunale landbruksforvaltninga. No er vi i gang med planlegging av kompetansesamlingar våren 2021, og vi vil gjerne ha forslag og ønsker frå dykk på tema. Forslag frå vår side er så langt:

Les meir her


Landbruksdirektoratet får nye heimesider fredag 22. januar

Nye heimesider betyr at lenkar de måtte ha til Landbruksdirektoratet må oppdaterast. Strukturen på dei nye heimesidene er ulike frå slik dei er i dag, det kan derfor vera lurt å søka for å finna fram til aktuelt innhald.

Les meir her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner