Jordvernpris 2021

Vi ber om forslag til kandidatar frå Vestfold og Telemark til nasjonal jordvernpris for 2021. Frist er 25. mars.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.03.2021

Jordvernprisen er eit tiltak for å styrke jordvernet. Prisen skal gje auka merksemd om jordvernet, og få fram gode eksempel på tiltak, planar og strategiar for å take vare på dyrka mark. Prisen skal delast ut til ein kommune eller fylkeskommune, eventuelt i samarbeid med andre aktørar innan offentleg politikk, forvalting, næringsliv eller andre organisasjonar. Sjå lenke hjå regjeringa

Vi vil særleg legge vekt på:

  • Aktive planar og prosjekt kor FN sine berekraftmål er lagt til grunn og innarbeida med konkrete mål for jordvernet

samt

  • Konkrete, oppnådde resultat
  • Ambisiøse, planlagde tiltak
  • Gode informasjonsprosjekt
  • Nyskapande prosjekter og verktøy for jordvern
  • Integrering av jordvernomsyn i ulike prosessar
  • Andre høve som tilseier at jordvern blir prioritert høgt

Prisen delast ut kvart annan år til kommune eller fylkeskommune, i år er det tredje gong den delast ut. Kommunar eller fylkeskommune har høve til å fremje seg sjølv. Juryen vil bli leia av landbruks- og matministeren, og vinnaren vil få ein diplom og merksemd.

Forslag til kandidatar sendast: sfvtpost@statsforvalteren.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.