Barkbille- og tørkeskader overvaka av Sentinel – 2 (satellitt)

Døde trær årsaka av tørkesommeren 2018. Foto: Marita Bruun

NIBIO har i samarbeid med ei brukargruppe samansett av AT-skog, Fritzøe skogar og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, utvikla ei nær-sanntid overvaking av bille- og tørkeskadar på gran.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.07.2021

I tillegg kan data for avverking kartleggjast slik at ein kan overvake framdrifta i hogst av skada skog.

Kvifor?

Det er en viss fare for ein bille-epidemi på Østlandet, og ei kontinuerleg overvaking av skadebiletet gjennom sumaren 2021 og seinare kan hjelpe til med å halde oversikt over skadebiletet. I gjennomsnitt vil det komme eit nytt Sentinel-2 datasett kvar 2,5 dag som høgaste frekvens. Likevel vil skyer gjere oppdateringa sjeldnare.

Kva kan vi oppnå?

Dette kan bidra til å dirigere hogsten til utsette område i ein tidleg fase av angrepet i tørkeutsett skog. Samstundes som det er mogleg å følgje med på framdrifta i oppryddinga.

Utfordringar!

Overvakinga er ferdig utvikla og ble lansert for brukargruppa 14. mai i år. Men det ble oppdaga feil i skymaskeringshandteringa og trong for justering av treslagsmaskeringen. 4. juni vart overvakingsprogrammet relansert.

Våren 2021 har vore både våt og kald. Likevel er det lokalt i deler av fylket registrert store billefangster i NIBIO sine forsøksfeller. Stasforvaltaren i Vestfold og Telemark ser fram til at denne overvakinga av skogen med satellitt startar opp.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.