Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har blitt medlem i det nye klima- og Energinettverket i Vestfold og Telemark
Embetet har underteikna ei medlemsavtale i det nyetablerte Klima- og Energinettverket i Vestfold og Telemark. Intensjonsavtala gjer at vi må jobbe systematisk mot klimamålet om 60 % reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 og vil vere ei klimaansvarleg verksemd i vår region.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nettverket skal fungera som ein koplingsboks for problemløysing og bidra til nye klimaprosjekt. Fleire bedrifter, kommunar, akademia og andre verksemder har meldt seg inn for å saman lære av kvarandre, få praktisk kunnskap og bli inspirert til å gjera berekraftige endringar i eiga drift og investering.
Medlemsavtala inneber mellom anna forventningar om:
- forankring i toppleiinga der omsynet til klimagassutslepp skal vera inkludert i heile organisasjonen
- arbeid med klimarekneskap og budsjett
- offentlege anskaffingar og grønare innkjøp
- energiomstilling og sirkulærøkonomi
- eit langsiktig klima- og/eller energiprosjekt i eigen verksemd
Det er fylkeskommunen i Vestfold og Telemark som vil leia nettverket og har sekretariatsansvar.
For meir informasjon om nettverket og viss du er interessert i å bli medlem, klikk her for å sjå nettsidene for Klima- og Energinettverket
Kontaktpersoner
-
Grethe Helgås
Tlf: 33 37 23 09 / 91 69 94 10