OPPVEKSTPROFIL – eit nytt verktøy for kommunane

Det er laga oppvekstprofilar for alle kommunane i landet. Profilane viser nokre av kommunane sine gode resultat og utfordringar når dei skal arbeide med god oppvekst for barn og unge. Profilane vart lansera 9.september. Fem direktorat og Folkehelseinstituttet har samarbeidt for å lage profilane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2020

Oppvekstprofilane kan gi kommunane betre innsikt i effekten av tiltaka dei har sett i verk for å gi barn og unge gode oppvekstvilkår. Det kan lette planarbeidet og styrke tenestetilbodet.

Oppvekstprofilane har statistikk frå dei områda som er særs viktige.

I OPPVEKSTPROFIL heiter det:

Flere forhold har betydning for at barn og unge skal få en god oppvekst:

  • At barn og unge føler tilhørighet og trygghet i familien, blant venner og i nærmiljøet.
  • At barn og unge får god tilknytning til skole og etterhvert arbeidsliv.
  • At barn og unge har god psykisk og fysisk helse.
  • At barn og unge med innvandrerbakgrunn har de samme mulighetene som andre jevnaldrende.
  • At familiens økonomi er trygg og forutsigbar og at familiens levekår er gode.

Oppvekstbarometeret viser korleis kommunane har skåra på 30 indikatorar. Barometeret viser og snittet for heile landet, verdien for fylket og snittet for dei ti kommunane som skårar høgast.

Profilen for din kommune kan du finne på lenka til høgre. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.