Tilbod til kommunar som vil styrke sitt førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge

RVTS, Statsforvaltaren, KORUS og RKBU inviterer alle kommunane i Vestland til å delta i eit nettverk for å styrke arbeidet med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.09.2023

Vi inviterer til uforpliktande informasjons- og innspelsmøter

  • Onsdag 25. oktober kl. 09.30 – 11.30
  • Fredag 27. oktober kl. 10.00 - 11.20

Vi har sett opp to møter for å auke sjansen for at alle som ynskjer å delta kan få moglegheit til det. Innhaldet i møtet vil være likt slik at de kan velje det tidspunktet som passar best for dykk.

Alle er velkomne for å få meir informasjon om nettverket

I møtet vil vi gje informasjon om kva organisering, tema og innhald vi ser føre oss i nettverket. Vi vil òg presentere dei som vil bidra inn i arbeidet, og seie litt om kven det kan vere lurt at representerer kommunane inn i eit slikt nettverk. Vi ønskjer også å nytte møtet til dialog, om kva behov de har og kva de ønskjer at vi skal rette særleg merksemda mot i nettverket. Vi har også invitert Kvinnherad og Ullensvang kommune til å dele kva erfaringar dei har gjort seg gjennom utviklingsarbeidet «Kompetanseløft om vald og overgrep». Dei to kommunane har over fleire år har satsa på å auke kvaliteten på det valds- og overgrepsførebyggande arbeid i sine kommunar. Dette faglege innlegget trur vi kan være til inspirasjon i det vidare arbeidet. 

Det vil òg bli mogelegheit for å stille spørsmål, slik at kvar kommune kan vurdere om dette er noko de ønskjer å delta i. 

RVTS, Statsforvaltaren, KORUS og RKBU vil saman tilby kommunane støtte i arbeidet

Implementering av nye arbeidsmåtar, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som evnar å halde oppe merksemda og innsatsen over tid. Vi frå Statsforvaltaren og kompetansemiljøa ønskjer å gjere det vi kan for å understøtte kommunane i dette viktige arbeidet. God og heilskapleg rådgjeving og støtte er eit slikt grep. 

Les meir om bakgrunn og føremål for nettverket

Den 8. september sendte vi ut informasjon og invitasjon til postmottaka i alle kommunane i Vestland.

Dersom de har spørsmål før møtet kan de ta kontakt med Bente Cecilie Foss som du finn under kontaktpersonar, eller Linda Renate Kvalvik som er kontaktperson hjå RVTS Vest. 

Praktisk informasjon

For å delta på eit av møta, kan du melde deg på her:

Stad:

Teams - lenke vert sendt ut til påmelde deltakarar dagen før møtet

Arrangør:

Statsforvaltaren i Vestland saman med RVST, KORUS og RKBU

Målgruppe:

Alle med interesse for vald- og overgrepsførebyggande arbeid i kommunane. Vi oppmodar særleg kommunaldirektør og kommunalsjefar med ansvaret for tenester retta mot barn, unge og foreldre til å delta på møtet. Valdskoordinator, SLT og BTI-koordinatorar kan òg ha særleg interesse av å delta på møtet. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.