Oppdatert rettleiar om innføringstilbod til nykomne minoritetsspråklege elevar
Utdanningsdirektoratet har oppdatert sin rettleiar om innføringstilbod til nykomne minoritetsspråklege elevar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 08.04.2022
Kommunane og fylkeskommunane må vere førebudde på å ta imot elevar frå Ukraina i skulen. Kommunar og fylkeskommunar kan organisere tilbodet for nykomne minoritetsspråklege elevar på ulike måtar.
Ei av moglegheitene er å organisere opplæringa for nykomne elevar i eigne innføringstilbod. Du finn Utdanningsdirektoratet sin rettleiar om innføringstilbod til nykomne minoritetsspråklege elevar ved å følgje lenka på høgre side.
Kontaktpersoner
-
Anne Siri Nytveit
Tlf: 55 57 20 28 -
Hilde Alme
Tlf: 57 64 31 01