Korleis skal vi planlegge for eit aldersvenleg samfunn?
Bli med på Leve heile livet-konferansane i Førde 28. november eller Bergen 3. desember! Påmeldingsfristen er 15. november, og Fylkesmannen i Vestland dekker dagpakke for konferansedeltakarane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Påmeldingsfristen til konferansane er 15. november, så du har framleis moglegheit til å melde deg på!
I 2040 vil meir enn kvar tredje innbyggar i mange distriktskommunar kunne vere over 65 år, og på nasjonalt nivå blir talet på dei som er 80 år dobla fram mot 2040, ifølgje stortingsmeldinga Leve hele livet - En kvalitetsreform for eldre. Korleis skal vi planlegge samfunnet vårt ut frå dette?
Bli med på Leve heile livet-konferanse
Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for reforma inviterer til konferanse der vi ønsker å inspirere til korleis ein kan planlegge for eit aldersvenleg lokalsamfunn, og korleis vi kan skape samarbeid og samskaping mellom frivillig arbeid, næringsliv og kommunar.
Her finn du påmelding til konferanse i Førde 28. november
Her finn du påmelding til konferanse i Bergen 3. desember
Aldersvenlege lokalsamfunn og samarbeid
På konferansen får du mellom anna lære meir om kva dei frivillige organisasjonane og næringslivet kan bidra med, aldersvenleg stadutvikling frå eit arkitektperspektiv, og kva dei eldre sjølve ønskjer.
Du får også lære meir om korleis ein kan koordinere frivillig innsats, seniorprosjektet Helgetun, samfunnsplanlegging i den nye storkommunen Alver og korleis fylkeskommunen legg opp kollektivtransporten.
Fullstendig program, som er likt for begge konferansane, finn du under «Dokument».
Vel møtt!