Nettverk for aldersvenlege samfunn i Vestland
Det regionale nettverket skal vere ein fellesarena der kommunane i Vestland kan dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid på tvers. Alle kommunane er velkomne til å delta.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det regionale støtteapparatet i Vestland og Senter for aldersvennleg Norge, inviterte i mai alle kommunane i fylket til oppstartsmøte for å etablere eit eige regionalt nettverk for arbeidet med aldersvennlege lokalsamfunn. 15 kommunar deltok i møtet. Ei arbeidsgruppe er no sett ned, og består av representantar frå kommunane Fjaler, Voss, Askøy og Stryn. Gruppa har ansvar for framdrift og aktivitet i nettverket. Statsforvaltaren og KS skal følgje arbeidet og bidra etter behov.
Fellesarena for Vestland
Det regionale nettverket skal vere ein fellesarena for kommunane i Vestland. Målet er å dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid på tvers av kommunane. Vidare er målet å rette merksemd på, men også styrke, arbeidet med aldersvenlege samfunn i kommunane.
Arbeidet for eit aldersvenleg samfunn er eitt av fem innsatsområde i kvalitetsreforma for eldre, Leve hele livet.