Digitale kurs i økonomisk rådgjeving
Fylkesmannen tilbyr fem kurs om økonomisk rådgjeving i haust: eit basiskurs, to grunnkurs og to vidaregåande kurs. Kursa er digitale.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Koronapandemien utfordrar privatøkonomien på fleire måtar. Det går fram av SIFO-rapport 5-2020 at 8 prosent - eller om lag 192 000 norske husstandar viste tydelege teikn på økonomiske vanskar om lag tre veker etter at regjeringa innførte dei strenge tiltaka den 12. mars i år som "stengde ned" Noreg.
Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova § 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret, og tilsette i Nav treng kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi råd og rettleiing, og for å kunne vidareformidle personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.
For å hjelpe Nav-kontora og samarbeidande tenester i jobben med å rettleie privatpersonar om økonomi, tilbyr Fylkesmannen kurs i økonomisk rådgjeving.
Kurstilbodet for økonomisk rådgjeving
Fylkesmannen tilbyr tre typar kurs innan økonomisk rådgjeving: basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.
- Basiskurset er eit helt grunnleggjande kurs for Nav-tilsette som skal hjelpe personar som kan ha eller står i fare for å få økonomiske problem, og for tilsette i som samhandlar med Nav, til dømes barnevern, rus og psykiatri, helse, buoppfølging med vidare.
- Grunnkurset er eit grunnleggjande kurs for tilsette i Nav som arbeider med å hjelpe personar med økonomiske vanskar.
- Det vidaregåande kurset er eit kurs for deg som er tilsett som økonomisk rådgjevar eller gjeldsrådgjevar i Nav.
Kurs hausten 2020
Følg lenkjene til dei ulike kursa for meir informasjon og påmelding:
- Basiskurs i økonomisk rådgjeving 30. september 2020
- Grunnkurs i økonomisk rådgjeving 28.-29. oktober 2020
- Grunnkurs i økonomisk rådgjeving 3.-4. november 2020
- Videregående kurs i økonomisk rådgjeving 16.-17. november 2020
- Videregående kurs i økonomisk rådgjeving 23.-24. november 2020
Basiskurset vert arrangert av Fylkesmannen i Vestland og er ope for tilsette i Nav og samarbeidande tenester i Vestland.
Grunn- og vidaregåande kurs vert arrangert av Fylkesmannen i Trøndelag og Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Fylkesmannen i Troms og Finnmark, Fylkesmannen i Nordland, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Rogaland. Nav-tilsette i alle seks fylka kan delta.