Leve hele livet - reformarbeidet er i gang
Dialogmøte med kommunane om Leve hele livet-reforma er gjennomført med stor interesse og engasjement. Fleire av kommunane i fylka er godt i gang med reformarbeidet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Under dialogmøta som vart gjennomført i mai og juni, presenterte alle kommunane sine eigne tenester, og kva dei har lukkast med innan reforma sine ulike innsatsområde. Presentasjonane viste variasjon og mangfald i tenestetilboda.
Betre hjelp til å meistre livet
Leve hele livet er ei kvalitetsreform der målet er at alle eldre skal få betre hjelp til å støtte og meistre livet. Eit føremål med reforma er spreiing og deling av gode døme som finst ute i kommunane. Kommunane sine presentasjonar frå dialogmøta vert lagt ut her etter kvart som kommunane har godkjent publiseringa.
Støtte endringsarbeidet
Fylkesmannen, Kommunesektorens organisasjon (KS), Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT), Senter for omsorgsforsking Vest og fylkeseldreråda utgjer det regionale støtteapparatet. Vi skal støtte opp om kommunane sine endringsarbeid og legge til rette for erfaringsdeling, kunnskapsutveksling og lokalt forbetringsarbeid. Vi har fått gode innspel om kva kommunane treng av hjelp og støtte til gjennomføring av reforma. Vi vil følgje opp med ulike tiltak i tida framover.
Helsedirektoratet har lansert Ressursportal.no. Her er styringsinformasjon, analyseverktøy, metodar og rettleiarar samla og lett tilgjengeleg for kommunane til bruk i arbeidet med gjennomføring av reforma.
Kontaktpersoner
Lenker
Dokumenter
Dialogmøte med kommunane
I mai og juni gjennomførte Fylkesmannen dialogmøte med kommunane om kvalitetsreformen Leve hele livet. Her finn du presentasjonar frå dei ulike møta.
Dato | Dialogmøte |
9. mai | Nordfjord |
10. mai | Sogn |
21. mai | Voss-Hardanger |
22. mai | Nordhordland |
5. juni | Sunnfjord-Hafs |
12. juni | Sunnhordland |
13. juni | Sentrum - vest |
14. juni | Bergen |
Regionalt støtteapparat |