Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling
Helseatlaset gir nyttig kunnskap om bruken av helsetenester til pasientar med psykiske lidingar og ruslidingar. Til dømes viser det geografiske forskjellar på helsehjelpa, og at eldre i mindre grad får hjelp for desse sjukdomane enn yngre.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kunnskapen ein får gjennom helseatlaset må leiarar og fagfolk nytta til å vurdera sine tenester opp mot andre og til å lære av kvarandre, slik at kvaliteten på tilboda vert betre og meir likeverdige.
Dette er det niande helseatlaset, men det første for psykisk helsevern og rusbehandling. Det viser korleis innbyggarane brukar psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, og geografiske variasjonar i dette. Det inkluderer både psykisk helsevern for vaksne, psykisk helsevern for barn og unge og avtalespesialistar i psykisk helsevern.
Helseatlaset viser store variasjonar i helsehjelpa
Det er stor variasjon i bruk av poliklinisk behandling hjå vaksne pasientar med ruslidingar og alvorleg psykiske lidingar. Til dømes nyttar folk i deler av Vestlandet og Nord-Norge poliklinikkar minst.
For bruk av døgnbehandling er det stor variasjon for vaksne pasientar med psykiske lidingar. Særleg for eldre var variasjonen stor både når det gjaldt poliklinisk- og døgnbehandling. Eldre får i mindre grad hjelp mot psykiske lidingar og ruslidingar enn yngre pasientar.
For barn og unge er det stor variasjon i bruken av døgnbehandling, men her er det også få pasientar.
Helse Nord RHF og Helse Vest RHF har utvikla den nasjonal helseatlastenesta. Helse Førde utfører oppdraget på vegner av Helse Vest og har utvikla det første helseatlaset som tek for seg psykisk helsevern og rusbehandling.