Kommunane må ha informasjon om hjelpetilbod for personar med sjølvmordstankar på sine nettsider
Helsedirektoratet oppfordrar kommunane om å gjere tilgjengeleg informasjon om korleis og kor menneske som opplever kriser, store belastningar og sjølvmordstankar kan søke hjelp.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Informasjonen bør også vere relevant for personar som er bekymra for andre, og innehalde informasjon om offentlege hjelpe-, behandlings- og støttetilbod, og ideelle og frivillige tilbod.
Dette bør finnast på nettsidene til kommunen
Ifølgje brevet som Helsedirektoratet har sendt ut til alle kommunane, så viser ei undersøking at mange har lite kjennskap til helsetilbodet til personar med sjølvmordstankar. Utifrå nettsidene til kommunane bør befolkninga lett kunne tileigne seg oppdatert informasjon om:
- Kva tenester som er tilgjengelege
- Kva aldersgrupper og målgrupper tilboda rettar seg mot
- Opningstidene til tenestetilbodet
- Telefonnummer ein kan ringe for å komme i kontakt med tenesta og telefontid
- Adresse for tilbodet
Kommunane bør tydeleggjere at fastlegen har ein akutt hjelp-funksjon for pasientar på si liste, på dagtid. Det bør også stå kva andre akuttilbod som er tilgjengeleg utanom ordinær opningstid, som lokal legevakt og akuttmottak i spesialisthelsetenesta.
Rettleiar for førebygging
Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiande materiell om førebygging, for kommunane. Det seier noko om innhaldet og organiseringa av tenestetilbodet og korleis førebygging bør skje på fleire arenaer samtidig.
Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS Vest) kan også hjelpe kommunane med råd og rettleiing i det sjølvsmordsførebyggande arbeidet.