Webinar om overdosar og lokalt førebyggjande arbeid
Den 2. mars frå 09.00 til 10.00 blir det arrangert eit webinar med overdose som tema.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 23.02.2022
Gode oversikter gir god overdoseførebygging. Døme på data, kunnskap og forsking som små, mellomstore og store kommunar kan bruke inn i det lokale overdoseførebyggjande arbeidet.
Nord-Odal, Bjørnafjorden og Bergen kommunar er invitert til å dele sine erfaringar om korleis dei jobbar med å spisse sitt overdoseførebyggjande arbeid. Webinaret er særleg aktuelt for kommunane som endå ikkje er komne i gang med overdoseførebyggjande arbeid, eller er heilt i startfasen.
Du treng ikkje melde deg på samlinga.
Du finn lenkje til Teams-samlinga på kommunetorget.no.